Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
sine, skreiv kvart ordet; me eig mange av preikene og
talene hans. Sume vender lånte han den skrivne preiki
til kyrkjefolk som vilde gøyma på ordi.
#
Gamle Hertzberg hadde gift seg på sine gamle dagar.
Han fekk små born å ala fram i sin alderdom. Det var
ei lukka for ætti at han det gjorde. Borni hans i fyrste
ekteskap gjekk det smått med. Einaste sonen Peder
Harboe rømde frå skulen i hovudstaden, for til sjøs i
mange år, og kom heim att som ein lasaron.
Det er fortalt at Hertzbergs bror kom eins ærend inn
til Ullensvang for å telja ifrå dette andre giftarmålet.
Ikkje helsa han på kjærasten då han kom, og ikkje då
han för. Ho kom gråtande til «Blind-Anne», som den
gong ikkje var blind. «Å ja, badn! da e vondt fø deg no!
men da ska vetta godt alt i hop!» trøysta ho henne. Og
det vart det. Dei tri borni ho fekk, vart framifrå menneske.
Det er ei gåta korleis Hertzberg kunde ha so liti
lukka med borni av fyrste ekteskap. At foreldri var
syskenborn, strekk ikkje til. At borni fekk stykmor, er
heller ingi løysing. Stykmori tok seg hjarteleg av dei.
Då Presta-Per kom heim, tok stykmori vel imot han.
Men han dugde ikkje til anna enn å spela og dansa.
Faren kjøpte hus åt han i Hamni, og stelte alt på det
beste. Etter faren døydde, gjorde Koren-folki sælebot
mot han, hadde han til å hogga ved for seg, og til å ro
etter posten frå Utne, einaste poststaden i Hardanger
dei tidene. #
Niels Koren var fyrste ordføraren i Ullensvang. Han
var berre kapellan, og det er truleg eineståande at ein
personell-kapellan vart ordførar! Valmann vart han og,
2 — Anker: Prest og prost.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>