- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
19

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

sa ein mann til han: «Da kjerne vel med da, da ha vo
turt lenge no.» Og den herma fryda folk seg yver.

Jaabæk-politikken fekk mykje inngang i Ullensvang i
dei åri. Mange heldt Jaabæksavis. Dei kom saman og dryfte
bonde-rørsla hans. Motsetnaden millom embetsmann og
bonde tedde meir og meir. Og Irgens fekk røyna det.

Prosten Irgens var eit godt menneske, ein dugande
kontormann, ordensmann i all si ferd. Men talar var
han ikkje. Med konfirmantane hadde han ikkje rette
laget; han gjorde difor rett i å lata kapellanane lesa med
lesarborni. Ser leg kapellan Christie vart ein gild
konfir-mant-prest; i det heile vart han elska av sørfjordingane.

Endå kunde Irgens og frua vera folkelege dei og.
Dei kunde vera med og eta av brure-grauten attmed
«Brur-apalen». Frua kunde nappa skone frå bruri, som
bygdeskikken var. Men i det store og heile laut dei
kjenna at dei var rekna for framand-folk.

Då Irgens og frua heldt brudlaup for dotter si, bad
dei fyrste dagen berre «kondisjonerte» og andre dagen
bønder! Ein ven av Irgens hev fortalt meg kor prosten
og frua gjorde seg fyre med å hyggja for gjestene sine
andre dagen; men det var pinlegt; bøndene var tydeleg
fornærma for dei vart haldne «mindre-verdige».

Heilt onnorleis gjorde Koren-folket ved eit brudlaup
på skrivargarden. Dei bad mange bønder fyrste dagen.
Og andre dagen för dei til kyrkja då og, med spelemann
og kjøkmeister, og brudparet gjekk fram for altaret, og
presten velsigna dei. Heile høgtidi skulde gjestene vera

med på den dagen og. Sovore hev eg aldri høyrt maken til!

#

Endå so høgt som folket i Ullensvang ruvde i
sjølv-vyrdnad og sjølv-kritikk, hev dei jamt stade på vakt mot

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free