- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
20

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

embetsfolket, redde for at embetsmannen skulde få noko
å segja i bygde-stellet.

Sokneprest Julius Riddervold vart visst nok høgvyrd
for sin karakter og for sin dugleik. Men han kom straks
på kant med sørfjordingane av di han hadde skrive under
«Opraab til Kristendommens Venner i vort Land». Dei
8 åri han var sokneprest i Ullensvang, stod han helst på

fråstand frå Per og Pål, høgtidleg som han jamt var.

#

Olaf Olafsen var lettvinn, folkeleg,
stemnings-menneske, høveleg prest for hardingane soleis. Men han var
altfor open, snakka ut, og fekk svar på tiltale.

Han la seg upp i mange bygdesaker. Mest mothug
vekte det at han tok upp til dryfting spursmålet um
eigedomsretten til fjell-viddene. Han meinte Staten var
rette eigaren til Hardanger-viddi: I eit heradsstyremøte
då dei hadde fyre løyving til personell-kapellan, fyreslo
ordføraren: «Me løyver pengane på vilkår at Olafsen
ikkje blandar seg inn i fjell-saki.» Då la Oddmund Børve
imot: eg vil ikkje vera med og leggja ris ved sida av
tallerkenen! Han fekk stogga framlegget. Men Olafsen
fekk kvass kritikk når han kom på kant med bygde-syni.
Det varde heilt til han slutta; då la dei våpni ned, og let
berre vel.

I eit møte fyrr Olafsen reiste, fekk ordføraren høve
til å segja: «Når me fær ny sokneprest, skal me frå fyrste
stund te inn i han at me her i bygdi vil råda sjølve.»
Dette er meg fortalt av ein som var til stades.

Kapellanane gjekk i regelen fri for strid. Bygdi var
ikkje redd for dei. Dei hev difor berre godt å melda
frå si prestetid i Ullensvang: Evensen, Riddervold Olsen,
Christophersen, Schulz, Grønningsæter.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free