- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
25

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

I Tyssedal heldt eg tidt foredrag og bibellesingar.

Eg fekk tala i festivitets-lokalet, som jamleg var fullt
både av vaksne og bom. Borni sat helst på fremste
benkene. Eg laut tidt gjeva deim nokre spursmål; dei
svara høgt og frimodig. Direksjonen for A/S
«Tysse-faldene» let meg bu fritt på Administrasjonshotellet, bådd
dei åri eg var sokneprest i Odda, og seinare etter eg
vart prost og hadde visitasferder der inne.

Med borni og ungdomen vart eg hjarte-ven.
Speidar-troppane vart mine gode vener. Dei møtte upp i kyrkja,
både speidar-gutane og speidar-gjentene og stod på
kyrkjegolvet i sine uniformer når eg hadde katekisasjon.
Eg bad’ dei ut til prestegarden. Og der troppa dei upp
på kyrkjegolvet i Ullensvangs-kyrkja ein sundag, med
tropp-sjefen i brodden, til katekisasjon; det kom vel med;
det var ikkje mange andre, serskilt ingen av gutane i
Ullensvang.

Konfirmantane frå Odda var og gjester på
prestegarden fleire vender.

I det heile treivst eg godt med å vera prest i Odda.
Når eg gjekk på konfirmant-visittar, vart eg alitid vel
mot-teken. Eg kom til rettes med arbeidarane. Eg skulde
gjerne ha halde fram og levt og døytt millom deim.

Attåt var folk i det «gamle Odda» gilde å møtast med.
«Det var eit hjartelegt møte millom prest og kyrkjelyd,»
skreiv bladet «Hardanger» etter fyrste preiki mi.

Ein ting eg mislika, var at barnedåpen um sundagen
var lagd etter gudstenesta, når kyrkjelyden var utgjengen.
Eg bad folk bia, og fekk dei til å vera yver dåpen fleire
vender.

#

Odda-kyrkja var ikkje ven å sjå utanpå; grå og skitne
var veggene av all fabrikk-røyken. Men inne var det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free