- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
27

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Dei fyrste månadene i Odda hadde eg stiftskapellan
Sortland til hjelp. Oddingane var vel-nøgde med tenesta
vår, og søkte biskopen um at dei kunde få lov å rekna
på hjelpi av ein stiftskapellan; so vilde dei ikkje skilja
Odda-sokni frå Ullensvang. Bispen svara med å senda
Sortland til Sunnmøre, til å styra eit soknekall der. Soleis
vart eg åleine.

Odda vart eige prestegjeld. Sortland vart sokneprest
i Odda, og tok embetet frå nyår 19x6.

Han hadde nytta bokmål på preikestolen frå
fyr-stundes. Her ute i Ullensvang fekk dei han til å freista
med heimemålet. Og det gjekk so godt at dei ynskte
han til lukka med det.

Like vel var han ikkje «målmann» fyr r han i 1918
gjekk på mål-skeidet for prestar i Ullensvang. Sidan den
tid hev han vore heilhuga målprest. Og han hev smelta
godt i hop med hardingane, roleg og tolug som han er.

Eg hadde nokor hjelp av Jon Mannsåker det året eg
var åleine i det store prestegjeldet. Men sliten var eg
då eg slutta i Odda. Eg för beint til dokter og bad han
granska hjarta og nyro. Han fann ikkje annan galenskap
enn at nervane var slitne. For nervane mine var det ei
lukka at eg slapp Odda.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free