- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
29

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

imot det. Men det stranda på eit krav som Kinsarvik
heradsstyre reiste: at Stavalid-stølen skulde fylgja
soknepresten i Kinsarvik. Det vilde ikkje Ullensvang
heradsstyre gå med på. Og so avgjorde Kyrkjedepartementet
saki: dei tvo soknene skulde høyra i hop framleides.

Departementet kravde med same at dei tvo soknene
saman skulde løyva skyss og kosthald åt soknepresten
på anneks-ferdene til Utne og Kinsarvik. Ullensvang
heradsstyre nekta. For fleire hundrad år sidan hadde
soknepresten lova kinsarvikingane å kosta skyssen til
Kinsarvik sjølv. Endå-til min formann og eg hadde årlege
utlegg på grunn av den avtala. Departementet heldt fram
at den gamle avtala var heilt privat og utan lovleg heimel.
Ullensvang heradsstyre tok hansken upp og vilde prosedera.
Hadde ikkje eg halde att og bede departementet bia,
vilde Ullensvang tvillaust fenge ein dyr prosess. Det gjekk
upp for folk etter kvart at prosessen vilde vera til fåfengs.
Og heradsstyret bøygde seg til sist. Då det i
heradsstyre-vedtaket vart nemnt at det var den nye soknepresten som
hadde reist kravet, svara departementet klårt og greidt
at so var ikkje tilfellet.

#

Eg vart formann i Kinsarvik kyrkjetilsyn. Dei tvo
andre medlemene bad meg få greidt eit problem som
vedkom Kinso-selskapet. Ei bru hadde selskapet bygt yver elvi
so nær Kinsarvik-kyrkja at det kunde vera fåre for ras:
timmer-stokkar og anna kunde hopa seg upp, so elvi braut
seg veg inn under kyrkjegarden; det hadde hendt fyrr.
Kinso-selskapet laut byggja brui onnorleis. Eg skreiv til
direksjonen um det. Men ingen ting vart retta på.

Frå fylkesmann Hroar Olsen fekk Kinsarvik
kyrkjetilsyn pålegg um å få flutt ei smidja som Kinso-selskapet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free