- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
35

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ullensvangs-kyrkja og kyrkjegard

«Hardanger-domen» hev sume nemnt
Ullensvangs-kyrkja. Ho minner um ei domkyrkja, ja i sumt jamvel um
Nidaros-domen. Domkyrkje-Christie hev nokor æra
for dette; han stod fyre restaurasjonen i 1880-åri. Men
eit tap var det at han rudde ut alt det gamle innbuet.
Det låg på kyrkjeloftet i 40 år. Ullensvang sokneråd fekk
det ned. Ser leg den gamle altar-tavla var eit kunstverk.
Ho låg på loftet i små-bitar. Det var godt gjort av ein
tre-skjerar i Ullensvang at han fekk noko heilt av bitane.

Dei nakne veggene i kyrkja skrik etter fargar. Dei
vegg-bileti som hev vore, er heilt øydelagde, yversmurde
med sement.

Ein ny restaurasjon er turvande. Ullensvang
kyrkje-prydnadfond siktar dit. Det er grunnlagt av Jon
Mannsåker, som gav eit høgtids-offer til det fondet. Seinare
hev det auka ved kyrkjeofringar år etter anna.

Ein peikepinn til nye fargar hev kyrkja fenge i dei
nye golvteppe, som er valde etter rettleiding av eksperten
Domenico Erdmann.

*



Elles er uppverming av kyrkja det store problem.

Folk hev klaga at dei frys i kyrkja um vetter en. Alt
fyrste sumaren høyrde eg det. Og då eg straks vart for-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free