- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
37

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

kvart herad. Den krafti skulde so nyttast til ljos og
upp-verming av kyrkjene, skulehusi og andre kommunale
bygg, utan år leg avgift. I kyrkjene kunde då dei elektriske
leidningane vera i bruk natt og dag heile vetteren, so
kyrkjene alltid var varme.

Tingingane med Tyssefall-selskapet var komne so
langt, at ein skulde få den krafti ein trong for 37 kr. pr.
kw. ved fjorden i Tyssedal. Ved husveggene kunde då
alle i dei tvo herad få krafti for 50 kr. pr. kw.

Men her var andre krefter som fekk velt heile planen.
I staden kjøpte Ullensvang herad elvi Vendo, med von
um eingong å få bygt henne ut til kommunalt kraft-verk!

Kinsarvik gjekk so sine eigne vegar: leigde kraft frå
Kinso-selskapet for høgre pris. I 1930-åri kom
Ullensvang etter og leigde same kraft til same høge pris.

Og Ullensvangs-kyrkj a er framleides skræmeleg kald
um vetteren.

*



Det hende fleire vender ved messer um vetteren at
Ullensvangs-kyrkja var so myrk at det var rådlaust å sjå
ein bokstav anten i salmebøker eller altarbøker. Det
hende jamvel det var uråd å lesa teksti på preikestolen.

Ullensvang sokneråd gjorde difor upptak til å få
innlagt elektrisk ljos i kyrkja, ved privat innsamling av
kostnaden. Kunstnaren Bernhard çreve laga teikningar
til ljos-kruner, og ein ung kunstsmed på Aga laga dei;
attåt fekk me ein annan kunstsmed til å laga
messing-kruner til inngangane og til preikestolen. Det vart søkt
um løyve hjå heradsstyret, hjå stiftsdireksjon, hjå
departement, og hjå riksantikvaren. Innsamlingi gjekk bra. Eit
lut-spel med yver 3000 lutnummer gjorde mun;
sørfjord-ingar frå alle kantar av landet studde uppunder. Gamle-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free