- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
39

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Mange feststunder hev me havt i Ullensvangs-kyrkja
desse åri.

Eg lyt nemna kyrkjekonsertane. Klassisk tonekunst
hev dei tolka. Griegs «Landkjenning», Mozarts «Ave
verum», Mendelssohns engle-tersett i «Elias», Wagners
«pilegrims-kor» i «Tannhäuser».

Ved tvo bispe-visitasar hev me sunge Ludv.
Lindemans 12ide salme. Serleg var det høgtidsamt i 1923,
då me hadde eit blanda kor på 50 songarar, frå alle kantar
av prestegjeldet. Biskop Hognestad var gripen. Salmen
vert sungen ved kvar bispevigsla. Han nemnde frå
preikestolen kor gripande koret vårt song den dagen.

Og so må eg nemna 17. mai 1914, reformasjons-festen
helgemess-aftan 1917, 900 års-høgtidi olsok 1930. Når
Ullensvangs-kyrkja var prydd med grønt og ljos og flagg,
var det fest.

Ved 100 årsminnet i 1925 um dei fyrste utvandrarane
til Amerika var me tri prestar for altaret ved gudstenesta;
ettermiddagsmøtet vart og halde i kyrkja med foredrag og
musikk. Ved det nordiske høgskulemøtet i 1926 var
biskopen med; då var me og tri for altaret ved gudstenesta,
bispen i korkåpa, prosten i den vyrdelege gamle
messe-hakelen me lånte frå Kinsarvik-kyrkja.

Fleire høgtidsame gravferder er og verde å minnast,
då Ullensvangs-kyrkja var prydd med ein liten skog av
levande plantar og med ei mengd ljos. Til bruk for dei
som ynskte det, fekk soknerådet laga tvo «marsjal-stavar»,
umvundne med svart flor.

#

Ei sak som låg u-avgjord då eg kom i 1914, var
utviding av Ullensvang kyrkjegard og hjelpe-kyrkjegard på
vestsida av fjorden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free