- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
48

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

sel som kunde hysa oss i sumar-månadene.
Landbruks-ingeniøren og prestegards-tilsynet var med på det. Og
eg fekk 1500 kr. av departementet til byggje-arbeidet;
det var meint som vinning av Bråvoll-skogen, i staden
for å hogga der. Då me alt var langt på veg, talde
tilsynsmannen meg til å vøla gamle-selet på Stuvasæter, so eg
kunde ha ny-selet i fred for skogsfolk. Elles var planen
at paktaren med krøteri skulde liggja der uppe eit bel
kvar sumar og nytta beitet. Ny-selet er ein herlegdom
for prestegarden og prestefolket. Men kostnaden gjekk
upp i mange tusen, som eg sjølv laut bera, endå eg hadde

dugnad i dage-vis til å frakta og tekkja.

#

Bekken som rann yver Hordatun og prestegarden, gav
mang ei sut. Um vetteren krydde han og fløymde yver,
so mykje av jordvegen vart is-lagd. Eg kosta fyrst 1000 kr.
på å leggja bekken i røyrar, x 00 meter ovanfor
inntaks-kummen. Seinare laut me leggja han i røyrar frå
inntaks-kummen og mest til fjords.

Då sa gamle husmannen i «Brotet»: Det er andre
venda bekken vert flutt i mi tid. So? Ja, fyrr dei bygde
det nye stovehuset åt presten i 1864, gjekk bekken ned
under huset! Då skyna me grunnen til at det var våtsam
grunn under stove-huset: Bekken var flutt eit stykke
lenger nord, men høgre upp! Sjølvsagt kom det då vass-

sig frå bekken ned under huset.

#

Etter synstenesta i 1926 laut eg leggja um heile
blome-hagen kring stove-huset.

Fylkesgartnaren la plan. Han meinte eg skulde få
godtgjort arbeidet av Staten. Men det vart smått stell.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free