- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
49

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Eg fekk nokre hundrad kroner av skog-vinningen; det
var det heile. Resten gjekk or mi eigi lumma, og det
var mange tusen.

Eg fekk då like vel skikk på hagen, med murar og
stakitt-gjerde.

Samstundes fekk eg vølt noko av kvart elles med murar
og sovore, so alt kom i høvelegt stand.

Og det var ein stor hugnad for meg å leggja pengar
i ein slik prestegard. At eg alt i alt i mi embets-tid la
ut yver 20 000 kr. or mine eigne lummer til vøling og
vyrdsling av Ullensvang prestegard, ja det skal eg ikkje
trega på.

#

Alt i 1927 søkte eg um å leiga um lag tri dekar av
Bibelhaug til meg sjølv, til å byggja alderdomsheim der.
Eg tok straks til å planta og rydja. Og då eg ti år seinare
fall for aldersgrensa, stod alderdomsheimen min ferdig og
tok imot meg.

At eg fær leva og døy i Ullensvang, på
prestegards-grunn i nærleiken av kyrkja, er ei stor gleda og ein rikdom
av hugnad.

*



I 1931 vart uppført nye skorsteinar i s.tovehuset, og
brandmurar i alle rom. Det var ikkje for tidlegt. Slik
som det hadde vore, var det ulovleg brandfårlegt. Men
brand-tilsynet kom ikkje med krav fyr r då.

Det var ein heil revolusjon på tunet då dei gamle
skorsteinane vart ned-rivne!

Samstundes fekk me bygt brand-fri arkiv-kvelv for
preste-kontoret. All den kostnad greidde Staten.

Dei tvo byråsjefane frå prestekontori kom same
sumaren og heldt møte med fire av Ullensvang heradsstyre

4 — Anker: Prest og prost.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free