- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
51

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hardanger folkehøgskule

Johs. Helleland dreiv på med folkehøgskulen i
Ullensvang i 30 år. Han kalla sjølv dei åri 30-års-krigen. Millom
elevane på Solbakken siste året var Jon Mannsåker. Han
førde ordet og takka frå elevane ved siste avskilsfesten.

Fjortan år var utan folkehøgskule i Ullensvang. Dei
åri sakna ungdomen her i fjorden den åndelege vigsla
han fyrr hadde fenge. Av fullt hjarta tok høgskulevener
til å fyrebu ein ny folkehøgskule. Og då Jon Mannsåker
var ferdig med presteskulen, kalla dei han til styrar.

Dei hadde funne’rette mannen. Innfødd harding,
runnen or gamle røter, åtte han kontakten med
sørfjor-dingane. Klårt og djupt bar han fram det han hadde på
hjarta, so det greip både unge og gamle.

Då eg vart sokneprest i Ullensvang, søkte eg
herads-styri i dei tvo herad um årleg løyving av 500 kr. til løn
for hjelpeprest. Det var ei livs-sak for Mannsåker å vera
prest attåt skulestyrar. Men heradsstyret sa nei.
Mannsåker søkte eit anna prestekall, og vilde truleg ha fenge
det. Det såg myrkt ut. Men høgskulestyret tok på seg å
trygda Mannsåker dei 1000 kr. i presteløn. Han tok då
søknaden sin attende. Og i same kongebrev der Odda-sokni
vart skipa eige prestegjeld, vart offisielt nemnt at
Mannsåker skulde vera hjelpeprest i det nye Ullensvang prestegjeld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free