- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
53

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

vang og såg Vindhaug, laut han smila: det var mest
berre stein og urd! Vindhaug-trolli hadde spela seg fritt
i u-lendet i mange tusen år! Det skadde ikkje at høgskulen
no vilde rydja upp i urdi.

Arkitekt Halldor Børve, elev frå Solbakken, gav
teik.-ningar gratis. Der var harding-stil og harding-skurd.
Elevar av Lars Kinsarvik arbeidde med utskurden både
innvendes og utvendes. Serleg ruvde Olavs-halli, ein
gamal-norsk gildehall. Då Olav Hoprekstad tala der ein gong, sa
han: eg er radt fjetra. På talarstolen var utskore bilete av
Heilag Olav som manar trolli i stokk og stein, skore av
Odd Ystanes og fargelagt av Gudrun Skåltveit. «Der
kjem vår Gud med mykje ljos! Sume trur det finst ikkje
troll! Hev me då ikkje greia på trolli inni oss? Meiner
du her finst ikkje troll, du som er sørfjording ? Trengst
det ikkje at Gud kjem med ljos og manar trollskapen burt ?»

Um lag so tala Jon Mannsåker yver denne teksti.

*



Olavs-halli gav høveleg råma for gamal-norske
skode-spel. Alt vetteren 1917—18 vart 2dre og 3dje akt av
Bjørnsons «Sigurd Jorsalfar» spela. Bjørnson nemner det
eit «folkestykke»: alle skynar det.

Jon Mannsåker spela kong Sigurd. Anders Skodvin
spela kong Øystein. Karen Skodvin var ei vyrdeleg
Borghild frå Dal. Eg var skald. Elevane var med: gutane
var hermenner og lendermenner, gjentene var terner.
Gudrun Skåltveit laga bunader både for kongane,
lender-mennene, skalden og hermennene. Griegs musikk vart spela
på piano; serleg var hyllings-marsjen festleg.
Kongs-mennene øvde inn Griegs tonar til Utferdskvadet og
Kongs-kvadet med solo og kor. iste akt vart upplesi
til innleiding. Elles var heile stykket umsett til nynorsk;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free