- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
54

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

det var ein stor vinning: so heilnorsk som Bjørnson her
er i tankegang og stil, høvde det framifrå at stykket fekk
heilnorsk form.

Det vart eit ugløymande minne for elevane. Det var
ei manande preik um truskap og godhug og livs-ålvor.
Det fall naturlegt at Mannsåker i ei sundagspreik i kyrkja
hermde ordi hans Sigurd: det er ikkje det verste at eg
er sjuk! men at eg er sjuk av synd! Og det brende seg
inn i ungdomshugen det Øystein sa til Sigurd: du som
hev stridt under Kristi krossmerke, du burde freista å
ver a ein kristen. Det var Heilag Olavs arv: der kjem
vår Gud med mykje ljos!

#

Året etter fekk Mannsåker ein framifrå idé: han skulde
laga historiske situasjonar, til å gjera soga levande for
elevane.

Fyrste situasjonen var brudlaupet pd Sola år 999. Det
er historisk at Erling Skjalgson då heldt brudlaup for
versyster si, Ingebjørg Tryggvesdotter; ho vart gift med
Ragnvald jarl frå Vestergautland. Brudgomen vart døypt
same dagen. Olav Tryggveson og dronning Tyra kom
til brudlaupet med heile fylgjet sitt på veg til
Vendland.

Me spela brudlaupsgildet um kvelden. Mannsåker var
Erling Skjalgson. Elias Sekse var Olav Tryggveson; dei
sat i kvar sitt høgsæte på langveggen beint imot
kvar-andre. Eg var Hallfred Vandråda-skald, eg sa fram eit
kvæde til kongen. Elevane var hermenner og terner:
alle dronning-ternene var raudklædde, Sola-ternene
blå-klædde; dei varta upp ved bordet.

Samrødene gjekk naturleg. Det vart halde taler, serleg
av kongen og av Erling. Kongen fortalde um ferdi han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free