- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
64

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64

kunde greidt alt i hop. Boki kom ikkje fyrr i 1921, med
privat pengestudnad av Vestmannalaget.

Det er verdt å nemna at prosten Niels Hertzberg var
ein av federne til det norske bibelselskap. Han skifte
brev med «det britiske og utanlandske bibelselskap»,
og la deretter plan for det norske. Ved
reformasjons-festen i 1817 var Ullensvangs-kyrkja pynta med mange
hundrad ljos. Ei teikning av kyrkjefesten den
helgemess-aftan låg etter han i arkivet. I 1917 heldt me fest i alle
tri kyrkjer helgemess, med vesper-liturgi og taler. I
«Norske folkeskrifter» skreiv eg ei liti bok um Martin
Luther. I eit festskrift som biskop Hognestad gav ut,
med tilskot frå prestar og lækfolk i Bjørgvin bispedøme,

skreiv eg eit stykke «Rettferdiggjord av trui».

#

Visitasane biskop Hognestad heldt, var festlege frå
fyrst til sist. Han tala i alle kyrkjene. Og folk mintest
mangt han sa. Han heldt foredrag for lærarane. Og dei
foredragi var verde å høyra. Han var med på festane folk
fekk i stand. Soleis var han med på 17. maifest på Krossvoll
i Ullensvang.

Han var med på ein konfirmantfest eg heldt. Biskopen
sat til bords i den store mat-salen på Hordatun med 150
konfirmantar frå fleire års-kuli. Det var ikkje tidt at
Hognestad let humøret spela seg. Men den dagen var
han so morosam at stemningi stod høgt. Det var eit
takksamt publikum; dei var takksame for den minste

vitsen. Attåt fekk dei noko å tenkja på og leva etter.

*



Ei visitas-ferd i 1918 lyt eg nemna. Ho gjekk yver
fjellet frå Evanger til Eksingdalen. Me fekk ridehestar, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free