- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
71

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7i

ei bokmelding i eit skuleblad um professor Michelets
bok «Fra Moses til profeterne». Der streka Johnson under
at mykje ramla av det ned-ervde synet på det gamle
testamentet. «Kristelig Ukeblad» kom straks med eit
ukristelegt stykke, og spurde kva Det norske
misjonsselskap sa til dette, at ein misjonsprest gav seg i lag med
dei moderne teologane. Frå «anseetle misjonsvenner» fekk
so hovudstyret varsels-brev: dei vilde ikkje stydja eit
misjonsselskap som nytta slike tenarar. Manns mod vilde
ha svara: «Um me ikkje er einige med Johs. Johnson,
kan me aldri slå handi av so trufast ein tenar. Vil de
misjonsvener snu ryggen til oss av den grunn, fær de
i Guds namn gjera det.» Soleis svara biskop Støylen
misjonsvener han kom i ordskifte med.

Johs. Johnson var heilt ortodoks grundtvigsk lutheran,
attåt at han var ein strålande forkynnar av vidsynt
kristendom. I fleire år skreiv han sundagsstykke i «Morgenbladet».
Eg veit mange vakne og vaksne kristne gledde seg til
de’ stykki. Andaktsboki hans og andre bøker han gav ut,
bar vitnemål um hans sterke, varme og vetuge syn på
livet. Han var ein av dei som la nytt land under Jesu
Kristi herrevelde. Uredd møtte han upp og tala Jesu
Kristi evangelium ved alle høve. I Studentsamfundet
i Oslo tala han ein kveld. Dei som lydde på, var gripne.
Men dei vilde få klårlagt fleire tvistemål. Dei spurde
kva Johnson meinte um «jomfru-fødselen og Kristi
legemlige opstandelse»? Johnson svara klårt og greidt: «Jesu
legemlige opstandelse har så mange troverdige vidner å
støtte sig til, at jeg trygt kan tro det er sant. Jesu underfulle
ophav har selvsagt ingen vidner; men Jesus er for mig
så underfull at jeg godt kan tro han er blitt til på en annen
måte enn alle andre mennesker.»

Johnson vart vald til misjons-biskop eller tilsynsmann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free