- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
72

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

på Madagaskar etter dr. Borchgrevink; misjonærane der
ute hadde ålmenn tillit til han.

Og den mannen fekk brev frå hovudstyret um å draga
seg attende for dei «anseede misjonsvenner »s skuld! Det
var ikkje verdt han møtte på generalforsamling det året!
Um han framleis styrde ungdomsbladet «Kamp og seier»,
vilde det vera klokt å strjuka namnet hans!!

Johs. Johnson sleit seg ut på misjonsmarki. Dokteren
nekta han å fara ut att. Til bisp i Oslo etter Bang hadde
Johnson mange røyster, og vilde truleg fenge det
bispekaliet, hadde helsa hans vore betre. Ein mann som
Thv. Klaveness arbeidde for hans bispeval: vi vil ha
liv til topps! skreiv han. I staden vart Johnson rektor ved
det praktisk-teologiske seminar, og fekk sine tvo siste
leveår setja kveik i mange prestar.

Det er til æra for Lars Dahle at han våren 1916 ikkje
greidde å dryfta med Johnson den vanskelege saki frå
hovudstyret; då han såg kor veik Johnson var, tagde
han seg.

Sameleis viste Lars Dahle meir vidsyn og meir hjartelag
enn dei «anseede misjonsvenner», då dei klaga rektor
Olden for kjettarskap. «En slik mann vil intet
misjonsselskap skille sig av med,» skreiv han. Men trongsynet vann.
Olden laut slutta! Eit tap for misjonsselskapet var det
og at Reichelts buddhistmisjon kom til å skilja seg ut.
Det var hard sensur i dei åri. Trongsyn i sjølve
hovudstyret !

#

Frå 1916 kom joleheftet «Glade jol» ut på nynorsk.
Det var den varme misjonsvenen sokneprest Mohr i
Bergen som styrde med det, og fekk meg til å greia den
nynorske utgåva. Ho vart spreidd millom norsklynde folk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free