- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
74

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

misjons-kursi, det møtte ikkje mange av dei. Då me til
1920 fekk eit misjonskurs på Voss, med Zulu til emne,
vart råma sprengd: møtet gjekk upp i vanleg
møte-skikk.

#

I 1937 kunde kvinnelaget i Opedal høgtida
70-års-jubileum. Det levde enno gamle som mintest då fru
Irgens kom til skulestova i Opedal i lag med
husmannskonene på prestegarden; dei hadde rokk med seg, og
sette seg til å spinna, plent som fru Gustava Kielland tok
til i Lyngdal. Det var berre skade at fru Irgens på kvinne
-møti kunde finna på å lasta folkehøgskulen og
grundt-vigianane. Marita Helleland, den varmhjarta frilynde
kvinna, reis då upp og gjekk sin veg.

Til 70-årshøgtidi kom misjonærfrua Betty Hodneland.
Ho tala i alle kyrkjene og i alle grendene. På festen på
Hordatun heldt ho eit vidsynt foredrag um klufti millom
Aust og Vest. Det foredraget kom seinare i minneskriftet
«Sæden som bar hundre fold». Dei som lydde på
foredraget, sa: næste gong fru Hodneland kjem, fær ho fullt
hus. Men næste gong er ein «skjelm». Det var ille det
møtte so få på festen.

#

Ein motgrunn mot heidning-misjonen lyder so: me
hev heidningar nok her heime. J. J. Jansen segjer ein
gong: dei som kjem med den motgrunnen, g jer dei noko
for å umvenda heidningane her heime? Nei. Det er
same misjonsfolk som driv både indre og ytre misjon.

Den kristne kyrkja lyt vera ei misjons-kyrkja. Takksam
er ho for kvar kristen som vil hjelpa til. Misjonsfolket er
eit heiders-namn for kristne menneske.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free