- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
76

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stemna. Dei roste gjestevenskapen, men kom med kritikk
yver kristendomen i Ullensvang. Mannsåkers tale nemnde
dei utan nokon varme.

Då eg kom heim, fortalde folk at ein emissær hadde
sagt: Her hev vel aldri vore so mange kristne i
Ullensvangs-kyrkja fyrr. Og folk hefte seg ved at stemna bad for
Framnes ungdomss"kule, men ikkje for Hardanger
folke-høgskule! I det heile hadde den sjølvgode åndi skræmt
i staden for å lokka.

Elles hev eg møtt mykje skynsemd hjå indremisjonsfolk
i Hardanger. Ein emissær sa: mitt program er «fyll
institusjonene». Det felt-ropet vart laga av Johs. Johnson.
Han såg den veldige skilnaden millom arbeidsmarki i
heidningland og arbeidsmarki her heime.

Det er ikkje sant at me hev heidningar her i landet.
Me hev fråfalne kristne! og det er på ei vis endå verre.
Men dei hev kristen kunnskap og kristen arv. Det ei
grunnlag å byggja på i alt som heiter indre misjon.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free