- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
77

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dionysos med vinlauv-kransen

Fru Ingeborg von der Lippe Konow budde kvar sumar
i Ullensvang. Sørfjordingane rekna henne millom sine
eigne. I ein heil manns-alder hadde dei lært å kjenna
hennar varme hjartelag og hennar lysande intelligens.

På avskilsfesten for sokneprest Olafsen i 1913 baud
dei på sterkt hardanger-øl. Av den grunn streika
good-templarane. Einaste Jon Mannsåker møtte. Han kom
snart i ordskifte med fru Konow. Ho la ut si livs-syn:
det er feststundene i livet når me dyrkar vinguden
Dionysos. Festferdene med vinlauv i håret gjev inspirasjon,
løyser tungebandet, opnar hjartedørene. Eit lite rus er
noko av «himmelens salighet». Fråhaldsfolket vil ta frå
oss venleiken i livet!

Ein gamal sveinkall stod og lydde. Då ordskiftet slutta,
gjekk han burt til henne: «Gud velsigne munnen din,
fru Konow! eg skulde gjerne kysst deg med min munns
kyss!» Då Mannsåker fortalde meg alt dette, la han til:
«So intelligent eit menneske som fru Konow skulde ha
skyna kva det kunde vorte av den sveinkallen um han
ikkje hadde lege under for sterk drykk.»

I eit foredrag tok eg emnet upp: Eg peika fyrst på
kor innestengd nordmannen kan vera, kor tungt han kan
ha for å opna seg, og korleis eit lite rus kan opna for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free