- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
78

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

kjenslene, so hjarta vermest og tungebandet losnar;
i sovorne stunder kjenner han seg frigjord og sæl. Men —
den utløysingi er falsk. Det kjem ein «dag derpå» med ein
reaksjon som stengjer kjenslelivet inne meir enn fyrr.
Det verste ved fylli er ikkje at ein hamnar i vega-veiti,
det hender sjeldan i Sørfjorden! heller ikkje at ein kjem
heim og skam-fer kona og born, det har snaudt hendt i
Sørfjorden! Det verste er likesæla dagen derpå, likesæla
som makt-stel hugen og døyver framtaket. Fyrste gong
ein gut hev vore full, vil eitt av tvo henda: anten tregar
han, det skal aldri henda meir! eller han gjer seg hard
og sputtar: eg er like god kar for det!

Ein mann hadde tillyst møte i same lokalet etter mitt
foredrag, etter eg var faren heim. Han lydde ikkje på mitt
foredrag. Like vel heldt han mot-foredrag til å døyva
fråhalds-rørsla.

Ja mothugen mot totalistane var djup og sterk i
Sørfjorden. Jamvel ei goodtemplar-kvinna åtvara meg: du
må vera varsam med åtak på fylli! i den vegen toler dei
ikkje mykje her i bygdi!

#

Men kor kunde eg tegja meg ?

Totalist var eg frå I5årsalderen. Sokneprest Herman
Lunde størde meg til det med sine foredrag på Risør
bedehus. I gymnas-åri budde eg hjå den vyrdelege
totalist-hovdingen H. C. Anderssen i Drammen. I
gym-nasiast-lagi hende det eg var den einaste som var edru!
hadde eg ikkje vore totalist, vilde det truleg gjenge meg
som hine.

I student-åri var eg millom fråhalds-studentane. Me
vart fleire vender bedne til kvelds hjå dr. Oscar Nissen.
Der høyrde eg fru Erika Nissen spela Holberg-suiten av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free