- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
79

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79

Grieg straks han var utkomen. Der var eg til stades då
Oscar Nissen fyrste gong tona flagg imot kristendomen;
han hadde fyrr vore sterkt gripen av misjonær Skrefsrud.

I samlags-striden i 90-åri var eg aktiv agitator. Eg
stod på eit bord på torget i ein by ein sundag ettermiddag
og tala for fleire tusen menneske. Mange rørande bilete
minnest eg frå samlags-striden. Drikkarar kom og putta
sitt nei i urna med skjelvande hender. Konene deira sa
«i Jesu namn» då dei putta setelen i urna. I ein by der
samlaget vart ned-røysta, song folkehopen på gata «Vår
Gud han er so fast ei borg»; jamvel borgmeisteren
fekk tårer i augo. I ein by der samlaget ikkje vart
ned-røysta, gjekk dei unge gutane og gjentene og ropa: bi um
fem år! då fær me røysterett! då skal det ned!

At samlags-striden snudde seg hin vegen, var lite
å undrast på. Folk er snare til å snu. Agitasjonen for
friåre rusdrykk-sal hadde mesteparten av pressa med seg.
Rusdrykk-kapitalistane skydde ingen ting.

«Dei ofrar kjende, dei ofrar kjære,
dei ofrar samvet og elsk og ære,
dei ofrar sanning og sæle-von,
dei ofrar far, og dei ofrar son.»

Eg veit um eit tilfelle, då det var kome inn i
eit storblad i Oslo ein knakande god artikkel mot
samlags-trafikken! bladstyraren fekk trugsmål frå
aksje-eigarar i bladet: slike artiklar måtte han aldri meir
taka inn!

Dei agitera med smog-handelen, og vilde ha det til at
forbod skapar lovbrot! Og mange beit på d.t agnet.
Eg veit ein høgvyrd prest, han var ein bra mann og ein
klok mann, men han røysta mot samlaget i 1893, røysta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free