- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
81

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8i

«Ei sak lyt eg få lov å nemna, utan at de tek det ille upp.
Eg høyrer her hev kome i land kasser med sprengstoff
som vil skjepla j olefreden i bygdi. Eg vil be at de alle
ser etter frå kjellar til loft. Og finn de ei sovori kassa,
so hiv henne på sjøen! då vil de vera tryggare på ei god
jol.» Eg hadde ikkje anna att for den bøni enn at sume
kalla brennevinet sprengstoff: vil du ha eit glas
sprengstoff?

#

Eit mislukka attentat på hovdingen Sven Aarrestad er
ål-kjent. Det var «Aftenposten» som kom med eit ufjelgt
åtak på han, vilde sakte øydeleggja totalist-arbeidet til
topps. «Aftenposten» fekk domen mot seg. Aarrestad
stod sterkare enn fyrr. So ufysi som skuldingi var, gjorde
injurie-saki berre godt for edrugskaps-folket. Men nokre
år seinare, i 1915, tok «Aftenposten» hemn.
Aarrestad hadde i eit foredrag på Voss nemnt statistikk frå
fylli i Oslo. «Aftenposten» skulda Aarrestad for lygn.
Dessverre vart prosessen førd i sjølve Oslo.
Domsmennene var innfødde Oslo-folk. Dei frikjende
«Aftenposten». Hadde prosessen vore førd på Voss, trur eg
resultatet hadde vorte onnorleis. No stod Aarrestad med
skuldingi på seg. Han fann han konsekvent laut søkja
avskil frå sitt embete. Trass alt greidde han påkjenningi
fysisk, so han fekk leva og arbeida endå i mange år. Hans
minne vil fredast hjå folket vårt frå Nordkapp til
Lindesnes.

#

I 1919 fekk me brennevins-forbodet vårt stadfest ved
folke-avrøysting. Taktikken frå samlags-striden tok seg
uppatt. Embetsmennene var alt anna enn lojale. Dei såg

6 — Anker: Prest og prost.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free