- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
82

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

gjenom fingrane med lovbrot. Og so fekk dei det til at
smoghandelen auka.

«Aftenposten» var so ufin å nemna Peter Hognestad
«smuglar-bispen» av di han tala og skreiv til bate for
brennevinsforbod. Det var då Gustav Jensen fekk fleire
vyrde menner med seg til motmæle: «Uansett vårt
standpunkt i forbudssaken finner vi å måtte protestere
mot slik journalistisk usømmelighet.»

Ein dokter skreiv i eit stort Osloblad og gav Lars
Abrahamsen skuldi for at mange i spanskesykja bukka
under! hadde dei fenge brennevin, kunde dei ha berga
livet! Han nytta til yverskrift dei ordi Emile Zola
skreiv i Dreyfus-saki: J’accuse! Eg sakar (Abrahamsen
for dei mange nås-fall)! Tenk ein sørfjording fekk nokre
karar med seg til å senda dokteren ei takk! Det gode
var at takki kom på ekte dansk, so ingen skulde tru ho
kom frå Ullensvang!

Det var val-år i 1918. Sume røysta mot riksstyret
for brennevinet skuld. Då val-resultatet viste mindretal
for riksstyret og ein utlending spurde Gunnar Knudsen
um grunnen, svara han: «Spanske-sykja».

Gunnar var på ferie då dokteren gjorde åtaket sitt.
Utanriks-minister Ihlen var minister-sjef millombels. Han
vart so nervøs at han telegrafera etter Abrahamsen:
«Deres nærværelse påtrengende nødvendig.» Abrahamsen
var på ferie-ferd i fjell-traktene millom Telemark og
Setesdal. Han hadde gjeve riksstyret si adressa um noko
skulde koma på! heims-krigen var enno i full gang; det
kunde lett henda eitkvart flokut i utanriks-politikken.
Ihlens telegram kom med ekspress frå Dalen i Telemark
til Abrahamsen midt på fjellet. Han skunda seg av stad,
gjekk med full upp-pakking heile notti, so han kunde
nå båten på Dalen um morgonen. Kom han so heim til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free