- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
86

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

ved eit hunde-sjå; det var einaste gong det hadde hendt
ein norsk prest, sa biskop Støylen.

Han gjekk igjenom mykje fyrr han tok praktisk
teologisk eksamen og søkte seg prestekall. Ei tæringsjuk
hus-mannsdotter bar bod til han frå Gud. Og hanfylgde bodet.

«Du hev mykje ubrukt geistleg energi,» skreiv eg til
han då han kom til Ullvik. Og det hadde han. Han
hadde mykje på hjarta, og han gav alt med raust hand.

Då han fekk sjå konfirmant-korti mine, skaffa han seg
maken. Dåjne i Ullensvang fekk eige «kyrkjeblad», gjorde
han upptak til eige kyrkjeblad i Ulvik. Men han heldt
ikkje ut med det bladet. Ein av lærarane hans sa til meg:
Sokneprest Olafson må ikkje stella med det; då gjeng
det hin vegen. So laut eg taka det på meg; det kosta
meg yver 700 kr. av mine pengar.

Olafson hadde vanskelegt for å læra disiplin. Lov og
bod galdt ikkje for han som for andre. Han tok seg
permisjon fleire vender og søkte um løyve etterpå. Han
kjøpte kyrkjebøker utan godkjenning.

Han åtte heller ikkje disiplin yver tankane. Han kom
brått med sine hugskot.

Midt i «Fader-vår» kunde han ropa: de må kje stå
so nær omnen de der burte!

Midt i ei bøn ved vigsla av ei skulestova i Eidfjord
sa han: Ja, det vil aldri tryta med skuleborn her i Eidfjord,
einaste sokni i prestegjeldet med aukande barne-tal.

Midt i preiki ropa han: den Rostrup! Kaptein
Rostrup hadde lova å ikkje tuta når han kom til Ulvik
midt i høgmessa; men ein sundag gjorde han det!

I bøni fyre ei preik takka Asbjørn for han hadde fenge
syn på kva slags folk det sat i Ulvik heradsstyre!

I Granvin sa han noko av same slaget. Ordføraren
skulde med rutebåten og laut gå midt i preiki. Han var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free