- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
87

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

snaudt komen ut då Asbjørn sa: se så! der ble han
fornærmet !

Ved ein barnedåp tedde det raude merke kring halsen
på barnet då gudmori heldt det yver døypefonten. «Er
barnet tatt med tang da?» ropa Asbjørn. Dei ordi gjekk
fjorden rundt i ein annan samanheng. Ja, det laga seg
legendar um Asbjørn Olafson i levande live.

Folk tilgav han alt for hans store hjartelag skuld, og
for hans tankerike taler skuld. Han heldt jamt gode
preiker, og det var gjævt for hardingane.

Jamvel at han var skild frå fyrste kona si og
uppatt-gift, tok folk helst med tol. Livet på Ulvik prestegard
hadde aldri vore finare enn i Asbjørn Olafsons tid.

Han var alltid i godt humør, gjekk jamt og song.
I sorg og i gleda møtte han alltid med varme.

Barnegod var han. Han kunde få ein årsgamal gut
til å jubla då han tok lummeduken kring langfingeren
sin: her kjem ein liten skjorte-mann! Vesleguten lo
høgt. Heime hjå meg tok han Bjørn, minsteguten vår,
og sprang rundt bordet og ropa: Bjørn og Asbjørn!
Bjørn og Asbjørn!

På preste-møti var han morosam og full av skjemt.
Men han hadde vanskeleg for å halda seg til eit emne.
Han kunde spretta upp midt i eit ordskifte: er det ikke
forferdelig at når vi blir 70 år, skal vi være idioter?
Han nådde ikkje 70 årsalderen.

Einaste mannen som kunde aga han, var biskop
Hognestad. Når han var til stades, var Asbjørn meil
spak. Men på eit prestemøte der biskopen ikkje var til
stades, slepte Asbjørn seg laus. Han hadde meldt han
vilde halda foredrag um «prestenes borgerplikter». Han
snakka um alt anna, reiv ned på departement og
stiftsdireksjon og prost og landbruksingeniør. «Hvem sikter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free