- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
89

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

89

Hjå Jørgen Løvland høyrde eg ei sann soga som truleg
er upphavet til den legenden: Løvland kom til Odda
og banka på medan Olafsen las med konfirmantane der
inne. Olafsen fagna Løvland og sende bod med ein av
lesarborni at dei båe kom upp til Jordal etter middag.
Der drakk dei sterkt Hardanger-øl, men var heilt edrue.
Dagen etter kom ein totalist og klaga for dei hadde drukke
sterk drykk. «Ja, gjorde vi ikke det da, Løvland?» Dette
er den sanne herma.

Olafsen hadde vore totalist fyrr, men i Ullensvang
snudde han. ^

Ei onnor herma lyder so: Olafsen för med rutebåten
til Odda, gjekk på dekket og røykte på snadda si. Ein
framandkar som visste han var prest, kom burt til han:
«De røker De?» «Ja, de e da liddeli godt det!» «Vet De
hvad slags tobakk Jesus røkte ?» «Nei, de vet je virkeli
ikke. Men je røker Langaards Portorico, og den synes je
e liddeli god den!» Herma skal vera sann, og ho er so lik
gamle Olafsen.

Det fortelst at kapellan Schulz forarga fortalde at ein
lesargut hadde vore på nattesjau: jeg vil ikke konfirmere
ham! «Je synes når gutten finner på slikt, er det best å
få konfirmert ham jo før jo heller!» svara Olafsen.

Ein far kom og klaga yver nattesjau utanfor huset
sitt. «Je skjønner det må vere noen som drar innenfor!»
sa Olafsen.

I eit foredrag for ungdomen kunde han segja fritt og
beint ut: synes dere ikke de e gildt å se på de søte gjentene,
gutter ?

Fyrr Olafsen kom til Ullensvang, var han med i alt
misjonsarbeid. I ei vekkjings-rid i Romsdalen var han
jamvel med på møte heile notti! Gamle kristne talde
Olafsen til rettes for det. Men Olafsen gav seg heilt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free