- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
90

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.



vekkjingi i vald! Etter han kom til Ullensvang, snudde
han.

Ein sundag kapellan Schulz hadde tillyst
misjons-ofring, vart han sjuk, so Olafsen tok heile messa. Då
han var ferdig med preiki, klødde han seg i nakken:
«Ja, så skal det være offer til misjonen i dag! Dere vet jeg
har ikke noe tro på det! men så får dere ofre som dere
har hjertelag til da!» Folk lo, og ofra ikkje mindre etter
den tilvisingi!

Når ein mann kan snu so heilt som Olaf Olafsen
gjorde i fleire saker, vil ein lett seg ja han er ein vindhane!
Men stemnings-menneske kan ein ikkje døma for di dei
skifter standpunkt. Olafsen var ærleg og vedkjendest si
rangsyn. Og han var uredd nok til å alltid segja si meining.

Han vart meir radikal med åri. Men han miste aldri
den faste grunnvollen i- sin kristendom.

På eit lærarmøte sa han: «Jeg kan fortelle lærerne
det står ikke: den hele skrift er innblæst av Gud; men
det står: all skrift som er indblæst av Gud, er nyttig
o. s. v.»

I sakristiet i Odda-kyrkja skreiv han på veggen dei
ord: sanningi skal frigjera.

På eit ungdomsmøte i Ullensvang la han fram nyare
teologiske granskingar. Ved kveldsbordet i prestegarden
fekk han ålvorlege last-ord av ein sørfjording for han
reiv grunnen burt under gamal kristentru. Då reis
Olafsen upp og sa: «Jeg vet mig ikke annet til salighet
jeg, enn Jesus Kristus, og ham korsfestet.» «Han var så
søt da han sa det,» fortalde fru Konow. Men so tok ho
ordet og viste sørfjordingen til rettes: «Sognepresten bør
være fri for slike angrep av sine egne gjester!»

I ei samtale millom prestar kunde Olafsen segja:
«Darwin har gjort mere gagn for kristendommen enn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free