- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
91

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

91

mange teologer.» «Bravo, prest!» ropa fru Konow som
lydde på.

Ei morosam soga hev fru Konow fortalt meg:
Krun-prins Gustaf vitja Ullensvang, i same rennet han var med
og høgtida 17. mai i Bergen. Olafsen hadde duka eit rik
dessert-bord på prestegarden, og der møtte mange
bygdefolk. Krunprinsen var folkeleg og prata med dei
frammøtte. Då Gustaf spurde Ingebjørg Helleland: «De har
vel ikke sett så store orlogsskip her i fjorden ?» svara ho:
«Å jau, me hev den tyske keisaren her inne kvart år!»
Brita Utne var so fri å spyrja: «Kor lever krunprinsesso ?»
Brita Utne hadde vore i lag med mange storfolk, jamvel
med kong Oscar, so ho var ikkje flau. Då krunprinsen
gjekk i ro-båten og skulde um bord i orlogsskipet, stod
Olafsen og Schulz i prestebunad på bryggja, svinga med
flosshattane og ropa hurra! «Det tok seg ikkje vyrdelegt
ut!» sa Halldor Eidnes då han fortalde det. Men so snart
krunprins-skipet dampa ut fjorden, fekk prestane kjole
og krage av seg. Og so slo dei seg laus heile flokken, åt
og drakk av dessertbordet, og vart fjåge. Fru Konow
tok ein stav og sprang gjenom romi og song «Kjerringa
med staven». Alle hekta seg på, den høgtidelege gamle
lensmann Johannes Larsson Aga like so vel som den
kvirve sokneprest Olafsen. Frå prestegardskjøkenet bar
det ut i gangen. Men då fru Konow vilde ut på tunet,
ropa Olafsen: nei, ikke ut, fru Konow! ikke ut! Han
skyna at bygdefolk som stod der ute, vilde mistyda leiken.

«Og det hadde Olafsen rett i!» sa fru Konow.

#

Han vart landskjend gamle Olafsen både for sin
fruktavl og for sine historiske granskingar. Han skipa tvo legat
i Ullensvang fyrr han slutta, eitt til studnad for frukt-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free