- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
93

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Myrke blad i norsk kyrkjesoga

Dei myrkaste blad i kyrkjesoga er forkjetringi og
forfylgjingi av levande kristne. Bannstrålane frå pavestol
og andre kjettar-domstolar vitnar um alt anna enn Jesu
Kristi ånd. Her i landet er det nok å nemna H. N. Hauge,
W. A. Wexels, Christopher Bruun, Viggo Ullmann,
Frederik Petersen.

I 1919 og 1921 var det tvo illgjetne møte i
misjons-huset i Calmeyergata i Oslo. Korleis dei som møtte
hadde fenge bod um det, var mangeleis og ymist. Frå
Hardanger møtte fem innflutte karar i Odda, uppnemnde
av presten Peder Dreyer i Bergen; dei skulde
represen-tera hardingane!

Det var professor O. Hallesby som fekk møti i stand.

Upphavet var at biskop Jens Tandberg hadde tala
saman med professor Lyder Brun i Bragernes kyrkja i
Drammen.

Sokneprest G. H. Krohn opna med gleda kyrkja si
for det møtet: der skulde folk få sjå og høyra at kristne
som elles var usams i mangt, likevel stod saman i
vitnemål um den same Gud og Frelsar. Sokneprest Krohn
hadde forresten mange år i fyrevegen vekt mistanke
hjå biskop Heuch på grunn av eit foredrag um «Jesus som
menneske».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free