- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
96

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

offentleg på visitas-ferdene. Dermed kom han med ein
gong på svartelista!

Det er ålkjent at mange som gjekk med på aksjonen i
Calmeyergata, seinare hev trega på det. Men dei tvo
møti skapte yver heile landet ein atmosfære av mistru og
mistanke som gjorde stor skade.

Det skulde ikkje stort til fyrr heilt ortodokse prestar
fekk plakaten «liberal» på seg. Eg nemner berre sokneprest
Erling Grønland. Ei truande kvinna i Oslo sa til meg i
1926: «Jeg tillater mig å høre Grønland, jeg får alltid så
meget av hans prekener; men jeg har fått andre kristne
på nakken fordi jeg hører en liberal prest!» Grønland
fekk i stand eit fredslag av prestar, eit romslegt prestelag
som tok imot medlemer frå alle kantar. Det prestelaget
vilde samla og femna um alle. Det gjorde ei god gjerning
millom dei tvo utkantane.

*



Sjølv fekk eg plakaten «liberal» på ryggen min, likso
urettferdig. Ei beisk kjenning av forkjetringi fekk eg alt i
1920 då eg heldt ei heil visitas-veka. i Nesheim
kapell-sokn i Eksingdalen. Evanger-presten pla koma dit fire
gonger um sumaren. Konfirmantane der uppe gjekk for
presten i tri år! Eg las med konfirmantane kvar dag den
veka, og gav dei skriftleg uppgåva: kva var det Jesus
vilde? Eg heldt skulevisitas, barnegudstenesta, og
guds-tenesta for heile kyrkjelyden. Dei møtte mann av huse.
Men eg kjende ein kald-gufs imot meg. På heimvegen
nemnde eg det med ein vosselærar som nett kom frå
Nesheim-sokni. Han svara: «Det var kje so rart!
Klok-karen der uppe hadde fortalt at prosten var liberal.» Difor
lydde alle i kyrkja med mistanke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free