- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
97

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

97

Nokre år seinare sa Evanger-presten til ein emissær:
prost Anker er ikkje liberal. Då fekk emissæren tårer i
augo: tenk at Evanger-presten ogso bøygde kne for Baal!

Ja det var vondt.

På eit møte i Sunnhordland hadde ein emissær nemnt
namnet mitt og skulda meg for å nekta Kristi guddom.
Eg hev vitne på det. Men då eg skreiv til han og kravde

han til rekneskap, vreid han seg undan som ein ål!

#

Verste bolken av forkjetring og forfylgjing kom då
Jens Gleditsch vart utnemnd til biskop i Nidaros. Hallesby
stempla Gleditsch «liberal», og vilde få alle dei andre
bispane til å nekta han bispevigsla.

Det vart jamvel skrive um å få erkebiskop Söderblom
til å bispevigja Gleditsch. Og mange helsa den løysingi
med gleda: dermed kunde me her i landet få «apostolisk
suksesjon» for våre bispar og prestar, noko me hadde
sakna sidan reformasjonen.

Det såg ut som dei norske bispane bøygde seg for
Hallesby? Einaste var biskop Støylen. Han sa seg viljug
til å bispevigja Gleditsch. Han visste at Gleditsch heldt
fast på heile den apostoliske trui; at han elles i mangt
vilde lufta ut på det gamal-teologiske myrkeloftet, var
ingi.fornekting. Sokneprest C. H. Krohn skreiv i bladi at
han kjende Gleditsch godt både frå Arendal og frå Oslo,
og visste han ingen fornektar var.

Gleditsch gjorde godt arbeid i Nidaros bispedøme.
Han vart vel motteken av alle rett-tenkjande trønder.
Frå ei stemna av høgskulefolk sende me i Ullensvang
hugvarm helsing til bispevigsla hans.

7 — Anker: Prest og prost.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free