- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
103

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

03

frå soknerådet»!! Fyrst i 1931 fekk eg valt ein annan
soknerådformann i Ullensvang; då var eg straks 65 år
og kunde segja frå meg attval. Alt kom då i ei betre stcda,
serleg då den nye formannen, klokkar H. Kvalem, var
medlem av Ullensvang her ad -styre. Det vart tydelegare

at kyrkja vår er ei /olfcekyrkja, ikkje ei prestekyrkja!

#

Soknerådi våre gjorde vedtak um å få prenta
kyrkje-blad for Ullensvang og Kinsarvik, det fyrste kyrkjebladet
i landet på nynorsk. Det gjekk bra i 8 år. Det vart spreidt
i alle heimar. Kostnaden vart greidd ved friviljuge
innsamlingar i kvar grend.

Ullensvang sokneråd gjorde vedtak um å få ei
sokne-syster. Upphavet var eit ordskifte um hjelp til slitne
husmøder. «Me lyt få fleire sjukesyster,» sa ein, «det er
mest i sjukdoms-tider husmoderne slit seg ut.» Til
ut-daning på Diakonisse-klinikken Lovisenberg kunde me
snart peika ut den fyrste soknesysteri Gudrun Meling.
Då ho var ferdig utdana, vart ho uppteki i
«Nasjonalforeningen mot tuberkulosen», fekk arbeids-bunaden som
høyrde deira syster til, og vart medlem av Statens
Pensjonskasse. Pengar til løn fekk me fyrste året ved ei
gåva på 1000 kr. frå livstrygdelaget «Glitne», andre året
frå Rikstrygdeverket som ytte oss 600 kr. Heradsstyret
løyvde års-tilskot.

I Ullensvang hadde dei i fleire år havt ei kommunal
sjukesyster; men det hende ho var yrkelaus i vekevis,
og likevel laut ha løn og husvære og kostpengar av
herads-kassa. No tykte heradsstyret det vart ein betre skipnad:
soknesysteri var aldri yrkeslaus; var ho ikkje i sjukerøkt,
so gjekk ho til gamle og sjuke og hjelpte dei. Heradsstyret
drog då inn sin sjukesysterpost. Det hadde ikkje vore

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free