- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
104

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104

vår meining: me vilde ha fleire sjukesyster. Gamle dokter
Garman Andersen, som hadde fenge den kommunale
sjukesysteri tilsett, vart ser s misnøgd. Etter nokre år fekk
han heradsstyret til å skipa sin sjukesysterpost på nytt.
Då so heradsstyret drog inn sitt tilskot til
soknesyster-løn og bad um å få vår soknesyster til kommunal, hadde
me ingen annan veg å gå: me lånte Ullensvang heradsstyre
soknesysteri vår, då soleis at soknerådet styrde med
Pensjonskassa og Trygdekassa for henne. Dei som seinare
hev vore kommunale sjukesyster, hev ikkje kome med i
Statens Pensjonskasse.

Kinsarvik sokneråd fekk si fyrste soknesyster, Synneva
Sandvik, utdana og tilsett på same viss om Gudrun Meling.
Kinsarvik heradsstyre hev heile tidi løyvt til
soknesyster-løn det som soknerådet hev bede um. Ullensvang
heradsstyre hev og seinare løyvt tilskot til løn for ei ny
soknesyster.

Ved ofringar i kyrkj ene hev båe sokneråd samla upp
til «soknesyster-fond». Serleg hev Kinsarvik soknesyster
-fond vakse munaleg, med di konelagi og andre hev ytt
mange hundrad kroner.

Me fekk snart tvo soknesyster i Kinsarvik.
Livstrygdelaget «Glitne» var so raust å yta xooo kr. til soknesyster løn
i Kinsarvik og.

#

Det fyrste soknerådmøtet i båe sokner tok fram ei
melding frå Bergens krinsstyre for heidningmisjon um
ein emissær som skulde vitja Ullensvang prestegjeld ein
heil månad. Sokneråd-lemene vilde hjelpa til og taka
imot emissæren og lysa til møti hans. Det var i beste
meining gjort. Men ein heil månad tykte me for mykje,
det kunde greia seg med tri veker. Då brev um dette

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free