- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
105

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

io5

kom til krinsstyret, vart krinssekretæren, presten P. Dreyer,
rasande. Han lukta innblanding i det friviljuge
misjonsarbeidet. I bladet «Dagen» fekk han inn eit stykke: «Et
menighetsråd i funksjon.» Sjølve fekk me brev um at
soknerådi her hadde «befattet sig med noe som ikke
ved–kom dem». Ein mann som var til stades då Dreyer fekk
vårt brev, hev fortalt meg, at då Dreyer auste or seg,
sa han: nu svarer ikke De i den tonen! Men det var det
Dreyer gjorde. Svaret var sint og sårande.

Eg tok hansken upp. Eg skreiv i «Gula Tidend» og
heldt upp vask med den duble taktikk organisasjonen
brukte.

Men eg fekk røyna det er fårlegt å koma i kast med
ein organisasjon. I eit bladstykke fortalde eg ei rispa
frå Amerika um ein skyssgut som med svepa si råka det
han vilde: hesteøyra! eit lauvsblad! men då dei bad
han råka eit kvefsebole som hekk yver vegen, svara han:
«No, Sir! an ear on a horse, that’s an ear on a horse!
a leaf on a tree, that’s a leaf on a tree! but that there,
that’s an organization!»

Det vart eit ålvorlegt basketak i fleire år. Men eg
fekk takk frå fleire kantar, ikkje minst frå andre prestar.
Ein landskjend prest skreiv til meg: «Hjarteleg takk skal
du ha for dine toreslag i «Gula Tidend». Du er ein modig
mann! Men du å du kor det trengst! Berre det vil hjelpa!
Dei som skulde ta det til seg, finn vel alltid ein utveg
til å vri seg ifrå det? Men so mykje gjerer det i minsto,
at folk tek til å gjeva gaum på dette moldvarp-arbeid som
vert drive. Eg tykkjer du fann so enkle og slåande ting
å draga fram at folk må sanna med deg. Kva du sikta
til med Hognestad, er eg ikkje inne på. Men eg veit då
sakte det, at sume indremisjonsfolk held han for ein
ranglærar. Takk då! Gjev du måtte verta som Thor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free