- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
106

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

io6

med hamaren som knuste jotnane. Ottast berre at Loke
vert vond å råka som han alle dagar var.»

«Du kjenner deg vel som Luther i Worms ?» sa ein
annan. Ja, eg kjende det min heilage skyldnad å ta striden
upp mot ovmodet og maktsykja hjå organisasjonane.

Det kristelege dagbladet «Dagen» dreiv på å forfylgja
meg. Ein gong ein liberal prest austpå hadde skrive eit
ukristelegt stykke i «T. T.» mot indremisjonen, prenta
«Dagen» heile stykket uppatt med yverskrift: hva sier
prost Anker til det?!

Presten Dreyer råka eg aldri meir. Han var ein
dugande og varmhjarta talar, og gjorde framifrå arbeid
for Guds rike. Men han var ein energisk agitator for sin
taktikk. Rundt ikring i bispedømet her vest lydde
sokne-rådi mykje på hans vitnemål um prestar og kandidatar.
Han hadde makt til å boikotta, og han nytta den makti
ikkje alltid rettferdig.

I eit brev samanlikna han striden med meg med den
striden galatarbrevet nemner millom apostlane Peter og
Paulus. Ja, han var ein åndsens stridsmann av rang,
presten Dreyer, det ettermælet gjev eg han med glede.
Me skal nok møtast og semjast heime hjå Gud. Det
er mi visse von.

Soknerådi fekk kvart år ei heil mengd med søknader
um ofring eller kollekt. Det var beint fram pinlegt. Me
fann ikkje rimeleg grunn til å innføra fleire faste offer
-dagar i kyrkjene våre. Folk her inne i Sørfjorden var
ikkje mykje huga på å ha pengepungen open ved
gudstenesta. Men når ein utsending kom og tala ei sak,
gav me han løyve til kollekt eller ofring, soleis til sjømanns-.
misjon, jødemisjon, santalmisjon.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free