- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
109

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bispe-emne

Ved bispe-valet i 1916 då Hognestad vart utnemnd,
røysta eg på prosten Johannes Barstad til nr. 2 og på
stiftskapellan Rasmus Haugsøen til nr. 3. Eg skreiv til
Departementet at på Bjørgvin bispestol måtte det
heretter koma norsktalande bispar.

#

Barstad fekk ikkje meir enn 17 røyster, endå rektor
Kårstad slo veldig til ljod for han: han var ein framifrå
administrator og talar og kateket; han åtte ålmenn tiltru,
hadde gjort godt arbeid i bladet sitt «Stille Stunder»,
var ein dugande salmediktar.

Ja det var sant. Dessutan hadde Barstad eit fond av
humor som vilde ha kome vel med. Eg skal berre nemna
eitt døme. Då Hognestad var på fyrste visitas i Volda,
og dei skulde yver fjorden til ei kyrkja, hoppa Hognestad
lettvint um bord; men for Barstad seig båten munaleg
ned. «Ein skulde taka bispane etter vekt!» sa han. Ja
då hadde Hognestad vorte for lett.

Frå prestevigsla si i Bergen fortalde Barstad noko av
kvart. Han var utnemnd til kallskapellan i heimbygdi
Volda. Stiftsprost Daae tok kvast imot han: «Hvad vil
De i Volden? Vet De ikke at en profet aldri blir aktet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free