- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
110

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110

på sitt fødested ?» Ved ordinasjonsmiddagen hjå biskopen
heldt gjestene moro med han, at han skulde upp og tukta
«volds-mennene»! Barstad lika seg so måteleg i det laget.

Det viste seg at han heller ikkje var mykje innkomen
hjå biskop Hvoslef. Då sokneprest Lampe i Volda tok
avskil, sende biskopen ein stiftskapellan til å styra
soknekallet i staden for å konstituera kallskapellan Barstad,
som rimelegt hadde vore. Elles drog det so lenge ut,
at Barstad sistpå vart konstituera, og på resten vart fyrste
sokneprest i det nye Volda soknekall, etter at Ørsta vart
fråskilt. Barstad greidde å tala for fulle kyrkjer på
heimstaden sin i yver tretti år.

Men millom prestane på Sunnmøre stod han ikkje
so høgt. Ved proste-val røysta dei på Gundersen i
Vanylven. «Me tykkjer Barstad er breid nok fyrr!» sa ein av
dei. Likevel vart han seinare prost, og gjorde likso godt
arbeid i proste-embetet som i preste-tenesta. Det veit

eg frå vitnemål av kyrkjeminister Løvland.

#

Rasmus Haugsøen vart tidleg nemnd til bisp. Han
var ein framifrå talar og foredragshaldar, og han var
heilhuga i både kristendom og norskdom.

I fyrste soknekallet sitt, Solund i Sogn, tok han straks
til å preika på nynorsk. Masfjorden, heimbygdi hans, låg
ikkje langt undan, alle laut skyna målet hans. Men folket
i Solund klaga til prost og bisp og departement og bad seg
fritekne for «sådan skjensel». Til 17. mai hadde
Haugsøen lyst til heilnorsk messa. På klagemål frå bygdefolket
kom det forbod frå kst. biskop Winsnæs. Haugsøen heldt
då heilnorsk 17. mai-messa på låven sin. Men samstundes
kjærde han bispe-forbodet inn for kyrkjedepartementet.
Departementet sette bispen til veggs og gav Haugsøen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free