- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
113

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

113

Hovudkvarteret hadde flust med bispe-emne: Theodor
Freihow, Maroni, Skagestad, Karl Vold, Normann.

.Og dei åtte agitasjons-makt når dei la i veg:
Sentralstyret for indremisjonen med Hallesby og Wisløff i
brodden. Kyrkjelegt Landslag, Kristelegt Pressekontor,
«Kristelig Ukeblad», «Dagen», «For Fattig og Rik»,
«Luthersk Kirketidende», Menighetsfakultetet! Det var
mykje godt Tordenskiolds soldatar! Men attum stod
ein imponerande fylking av trugne organiserte kristne
frå Lindesnes til Nordkapp.

Theodor Freihow var i ungdomen varmhjarta
Grundt-vig-mann, son av klokkar Monsen i Gamlebyen, der
grundtvigianane hadde ein heimstad. Theodor Stensrud
Wexels Monsen heitte han eigenleg. Men som han
skifte namn, skifte han og standpunkt og gløymde sin
barndoms og ungdoms ideal.

Maroni vart bisp i Agder. Målfolket kløyvde seg
millom Håkon Wergeland, Rasmus Haugsøen og Halvdan
Freihow. Biskop Støylen røysta på rektor Wergeland.
Og når han peika ut sin ettermann, burde det ha vege
upp alle dei røystene Maroni fekk. Biskop Hognestad
var sjuk, men peika på Wergeland for sin vikar domprost
Ole C. Iversen. Wergeland fekk likeso mange røyster
som Hognestad i 1916, so riksstyret kunde godt ha utnemnt
han. Wergeland var kjend yver heile Agder bispedøme
for å vera ein bibeltruande teolog, ein gåverik talar og
foredragshaldar. Dei bøkene han har gjeve ut, ruvar
høgt i bokheimen.

So vilde hovudkvarteret ha Skagestad til bisp i Bjørgvin
etter Hognestad. Då kom rektor Wergeland på nytt i
fremste rekkja. Tvo bispar og heile presteskapen i byen
Bergen samla seg um han. Men sanneleg fann Hallesby
kjettarskap i Wergelands bøker. Og agitasjonen mot han

8 — Anker: Prest oe prost.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free