- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
115

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ii5

for salmediktingi si: Kingo og Brorson og Grundtvig.
Grundtvig fekk bispe-vyrdnaden utan noko bispe-embete.
Eg nemnde at her i landet burde Elias Blix havt same
vyrdnaden, um han so hadde sloppe å styra nokon
bispestol. Blix-salmane kjem alle dagar til å fylla sitt rom i den
norske kyrkja, likesom Kingo-salmane i den danske.
Anders Hovdens salmar stend fullt på høgd med
Brorson-salmane, og vil syngja seg inn i det norske kyrkjefolk.

Eg lyt fortelja at då misjonsfolk på Voss kvidde seg
ved å innføra «Nynorsk salmebok» av di dei ingi tillit
hadde til Hovden, kom Matias Orheim med eit hj
artevarmt vitnemål: «Hovden? Er nokon ein levande kristen,
so er han det! eg kjenner han.»

Dessutan stod Hovden høgt serleg millom ungdomen:
ein talar som fåe andre!

Det gjekk ikkje. Støren flutte frå Troms til Nidaros.

#

Til bisp i Hålogaland røysta eg fleire vender på Brage
Høyem. Eg veit at biskop Hognestad og gav Høyem
si røyst til Hålogaland-bisp.

At Eivind Berggrav vart utnemnd etter Støren, var
eit genialt grep av riksstyret. Han hadde ikkje so mange
røyster som Normann og andre bispe-emne.

Hallesby kom for seint til å stengja. Berggrav var
snøgg til å gjera avtale med biskop Lunde um bispevigsla.
Lunde sa offentleg: det er med stor frimodighet jeg
ordinerer Eivind Berggrav. Ja Gud skje lov!

Til bisp i Oslo etter Lunde røysta eg sjølvsagt på
Eivind Berggrav som nr. i.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free