- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
120

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

gjekk stilt fyre seg i sjukestova hjå fru Eskeland. Men

ved gravferdi hennar vart yvergangen ålkjend.

#

Hausten 1925 var det 30-årsfest på Voss
folkehøgskule. Eskeland fekk kongens fortenestmedalja i gull, og
elles mykje vyrdnad og hjartelag. Han kjende det som ei
uppreising etter den kritikk han hadde fenge. Spursmålet
um han kunde halda fram å styra folkehøgskulen på Voss,
hadde alt vore uppe i Stortinget. Dessverre gjekk det
slik til sist at han laut segja styrarposten frå seg. Men
eldste sonen tok styrar-romet. Og Lars Eskeland hev alle
desse åri stade att-um høgskule-arbeidet på Seim med
sine rike røynsler og med sine strålande foredrag.

På 30-årsfesten var han ikkje god til å tegja seg med
åtak på vår lutherske kyrkja. Skuledirektør Olav Vevle,
som hadde flitt han medalja, tok til motmæle: me elskar
vår kyrkja, kor skrøpeleg ho er.

«Eg er likso god katolikk som du!» sa eg til Eskeland.
Det vilde han ikkje gå med på.

Katolsk er eit heidersnamn for heile den kristne
kyrkja. Katolsk er det same som almenn. Til den
heilage ålmenne kyrkja høyrer alle kristne. Og eg
godkjenner alle kristne, kva kyrkjesamfund dei so
høyrer til.

Eg minnest ein nordmann i utlandet sa med meg:
der er ein kollega av deg; han peika på ein pater i lang
svart kjole. Ja, svara eg, eg vedkjennest han er min
kollega; men han vil ikkje vedkjennast meg!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free