- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
124

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

mentet vilde ikkje gå med på å lata amerikanske teologar
styra prestekall i Noreg. Sameleis var soknepresten på
Voss kst. sokneprest på Vossestrand og i Evanger i dei
åri det var u-akademiske prestar der.

At vikar-prestane ikkje var tiltrudde å styra
preste-gardane, var i regelen rimeligt nok.

Eg laut då møta ved åbots-tenestene, tvo vender i
alle tri prestegjeld. Eg laut pakta burt jordveg, leiga
burt fiskerett, føra rekneskap yver gards-inntekter og
gards-utgifter. Alt saman utan nokor godtgjersla. Einaste
var at ein bergensar som leigde fiskerett på Evanger
prestegard, i fieire år sende meg eit digert stykke
røykje-laks.

I nokre år fekk eg yverskotet av presteinntektene i
Røldal, 200 kr. um året. Det kom vel med for dei utlegg
eg hadde på ferder til Røldal prestegard; eg var jamvel
inn til Oslo og upp i departementet for å få greia på
preste-inntektene i Røldal.

Rar jordvegen hadde ikkje Røldals-presten, det var
eit snaudt ku-for. Men Neri Svandalsflona var fegen;
han fekk slå engi på Røldal prestegard. Han betala
godt. Han laut elles kjøpa høy frå Rogaland og betala
frakti den lange vegen. Inntektene av denne eng-slåtten
vart nytta til naudsynlege vølingar av prestehusi.

Det var amerikanske prestar som gjorde prestetenesta
i Røldal i mange år, ei tid hadde same mannen Suldal
og Røldal, han budde i Suldal, og kom på visitt til Røldal.

Nokre få år innimillom hadde Røldal den gleda å ha
fast akademisk prest, Horneman. Korleis den gamle
sjømannspresten fann på å søkja Røldal ? Jau, han styrde
med eit sjømanns-lag og gav ut eit sjømanns-blad. Han
tenktest få god tid til dette i Røldal. Horneman hadde
i student-åri vore so nerveveik at han miste modet. Då

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free