- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
126

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

So fekk dei fast prest, Erling Ulltveit. Eg gjorde mitt
til å få han i norsk leid. Men han kvidde seg. Folket
der uppe var glade i han elles, men sakna dei norske
preikene av Hauge. So tok Ulltveit til med norske barne
-preiker. No er han ungdomsprest på Austlandet, styrar

av «Stille Stunder», og heilnorsk.

#

Evanger prestegard styrde eg i ti år. Der hadde eg
meste tidi framifrå hjelp av vikar-presten K. G.
Eliassen.

Han var prest frå Amerika, men av ei onnor støyping
enn dei hine. Han treivst ikkje med teologane der, skilde
lag med dei i kyrkjesyn. Han fortalde kva dei
norsk-amerikanske teologane sa um grundtvigianane: ein
grundtvigian tarv ikkje umvenda seg her på jordi, han kan
umvenda seg på hi sida gravi!

Med ein gamal prest i Amerika skifte Eliassen brev
medan han var vikar i Odda eit år. Endre Jaastad heitte
presten, han vart yver 90 år gamal. «Alt godt i Sørfjorden
heng i hop med Niels Koren,» skreiv den gamle; han
fortalde mykje frå Niels Korens konfirmant-fyrebuing.
Då Halldor Eidnes i eit bladstykke peika på at Koren
var påverka av Grundtvig, fall det Endre Jaastad tungt
for bringa. I eit brev til Eliassen kom han med ein
harm-fylt protest: Koren var ekte lutheran, ikkje det minste
grundtvigian!

Endre Jaastad og andre amerikanske prestar skulde
koma i hug at den lutherske sogeskrivaren Rudelbach
til-cigna ei Luther-bok «an Nic. Fr. Sev. Grundtvig,
den Erneuer des rechten Luthertums».

Det skyna presten Eliassen. Han var so romsleg at
han stod fritt i sovorne spursmål.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free