- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
131

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i3i

og i andre land. Marken vilde gjerne bygt kyrkje for
arbeidarane. Men det viste seg at dei høyrde til 23
kyrkjesamfund, som ikkje kunde semjast! «Ja, eg kan ikkje

byggja 23 kyrkjer!» sa Marken.

#

Det var i den vegen fredlegare i Belgia. Der rådde
mest rom’ar-kyrkja.

I ei gamal kyrkja i Antwerpen såg eg for fyrste gong
dei ti stasjonane på Frelsarens lidings-veg,
Calvarie-vegen (namnet er truleg upphavet til Kalfaret i Bergen).

Eit forvitnelegt minne frå Belgia er jamstellingi av
fransk og flamsk. Alle må læra flamsk i skulane. Jamvel
gate-namni stend på båe mål jamsides på kvart
gate-hyrna.

Det var løgje å sjå kor svivyrdsleg køyrarane tok imot
belgiske francs: dei var kje mykje verde; men
nederlandske gulden! då ljosna andleti.

#

Rotterdam og Antwerpen var handelsbyar. Haag og
Brüssel var dei fine kultur-sentra.

I Haag feste eg meg sers ved «Freds-palasset», bygt
av vyrke frå alle land, soleis med ei tropp av norsk granitt.

I Brüssel såg eg millom dei mange minne frå
heims-krigen ei minne-stytta for Edith Cavell, den sjølvgløy-

mande sjukesysteri, som vart skoti i 1915.

#

I Paris fekk me tri strålande solskinsdagar midt i
september.

Ja, i det heile var det eit under med veret. Heime i
Noreg var det regn, regn, regn, frå olsok til jol. Men alt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free