- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
137

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Alderdom i Ullensvang

Fyrste halve tidi i Ullensvang var det ikkje fritt me
kunde tenkja oss å flytta.

Eg søkte rektor-embetet på tvo lærarskular. Det var
kristendoms-kunnskapen eg vilde ha tak i.

I 1923 søkte eg Vinger soknekall. Der var min
barndoms paradis, på sorenskrivargarden Langeland. Elles
var det ei formsak: eg var harm på målmenn som søkte
postar på Austlandet på bokmål! Eg vilde gjera reklame
for nynorsken på Austlandet. Difor skreiv eg i søknaden
at eg laut nytta nynorsken, som høver likso godt aust
som vest: aust-norsken er likso god som vest-norsken.
«Aftenposten» fekk fat i det, og kom med eit stykke på
fyrste sida: «En narr på prekestolen.» Bladet hermde ord
til anna det eg skreiv i søknaden. Dermed hjelpte det til
med reklamen! Eg heldt det for ei æra å verta utskjelt
i det bladet. Og folk ynskte meg beint fram til lukka!
Min fosterbror, overlærar Vigander, formann i «Bergens
riksmålsforening», skreiv derimot til meg at eg var for
god til sovome åtak! Sjølv hadde han same året fenge
kongens fortenstmedalja i gull. Eg svara han: trur du
verkeleg at kongens fortenstmedalja er større æra enn
«Aftenposten»s gapestokk ?

Meir for ålvor tenkte eg på Voss soknekall etter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free