- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
141

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i3i

På 70-årsdagen min fekk eg hjartelege helsingar frå
Ullensvang og Kinsarvik. Ei stor pengegava gav dei meg.

Endå større gåva var festskriftet som soknerådi gav
ut. Det var ein kjærleg tanke, og ei stor æra. All mothug
og motstand kvarv burt i avskils-stundi.

På Ullenvang kyrkjegard hadde eg alt i 1927 fest
gravstad, som vert fornya kvart tjugande år ved hjelp av
ei bankbok soknerådet hev.

*



Dei fyrste åri kunde eg ender og gong hjelpa til med
prestetenesta. Den nye soknepresten Ola Sande var
makelaust snild og umtenksam mot meg.

Elles tok eg straks til med å gjera ferdige mine
«livsminne». No fekk eg fy lit ein ny foliant.

Eg skreiv bøker og gav ut. Tri samlingar barnepreiker
kom ut, «Bibelen for barn» nemnde eg dei. Meiningi var
at eg vilde hjelpa foreldri og lærarar å gjera Bibelen kjend
og kjær for norske born og for norsk ungdom.

Biskop Fleischer hadde på visitasane alltid bede meg
preika ved barnegudstenesta. «Du gjeng biskop Lunde
ein høg gang!» sa han; «det er den beste komplimang
du kan få!»

Tvo små-skrifter med minne, ei frå Risør, ei frå
80- og 90-åri, fekk eg ut. Og so fekk eg gjort ferdig
manuskript til tri noko større bøker med livs-minne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free