- Project Runeberg -  Instituttet for sammenlignende kulturforskning : beretning om dets virksomhet inntil sommeren 1931 /
103

(1931) [MARC] Author: Fredrik Stang
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Folkeminneforskning

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fo Ikeminneforskning 103
ålmenne, det som er sams for heile folket, stend att, eller
som Moltke Moe hev sagt «tilbake står alene de store
drag i nasjonens åsyn». Den einskilde diktingi, det ein
skilde folkeminnet vil i kvart land blenkja i dei nasjo
nale fargane, soleis at romantikarane nettup i folkedik
tingi kunde firma det ektaste og sannaste uttrykket for
det dei kalla folkeåndi.
Av dette vil ein skyna for eit framifrå godt emne
folkeminni er nettupp for ei jamførande gransking, både
når det gjeld folkepsykologien og når det gjeld spurs
målet um djupgjengde kulturstraumar, som vandringi
av folkeminni karm bera bod um. Det verdet som folke
minni fær for den jamførande kulturgranskingi, vert endå
større ved det at mangt innum folkeminni må ha sine
røter so langt tilbake i tidi at det hev runne upp or ein
primitiv kultur. Det er refleks av ein måte å tenkja på,
som i mangt er ulik vår, og som viser attende til ei tid
•då nasjonar som no er civilisera, stod på eit kultursteg
som i mangt og mykje samstavast med det som natur
folki no stend på. Her opnar det seg utsyner langt att
yver i tidi, og ei gransking av dei ulike alders-lag innum
folkeminni karm kasta ljos yver sumt i den åndelege ut
viklingsgangen som dei civilisera folki hev gjenomgjenge.
Mangt av det primitive i folkeminni heng ogso nøgje
saman med og gjev upplysning um primitiv religion og
gudsdyrking, so at her grip folkeminni yver på eit anna
centralt arbeidsumråde for Instituttet : den samanliknande
religionshistoriske granskingi.
Det som her er sagt, gjeld so å segja alle kulturland;
men i Noreg hadde me serlege grunnar til å taka oss
av folkeminnegranskingi. Det norske tilfanget av folke
minne er rikt, og innsamlingsarbeidet hev vore drive
tvo-tri mannsaldrar. Ikkje so lite av materialet hev vorte
prenta, og eit og anna hev vorte kjent vide ikrig, t. d.
Asbjørnsen og Moes eventyr; men store mengder er
uprenta og so å segja ukjent, so det ikkje hev kome
med i den vitskaplege granskingi. Og tilfanget er ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:59:46 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/instkult/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free