- Project Runeberg -  Instituttet for sammenlignende kulturforskning : beretning om dets virksomhet inntil sommeren 1931 /
104

(1931) [MARC] Author: Fredrik Stang
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Folkeminneforskning

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104 Fo lkeminn e/o rskning
berre stort, men viktigt og forvitnelegt på fleire måtar.
I mange norske bygder heldt samanhengen med dei gamle
tidene, med «fyndeheimen» seg levande langt framgjenom,
og på den måten kom det til å gøyma seg relativt mykje
av urgamle minne. Til dette kjem at nordmennene frå
gamalt hev vore eit sjøfolk og fare vide ikring og soleis
kome i samband med mange andre folkesetter og havt
høve til å læra deira folkedikting å kjenna. At dei i stor
mun hev nytta dette høvet, ser ein av dei mange fra
mande innslag i norsk folketradisjon. Sambandet med
Vesterlandi i vikingtidi og utetter hev sett merke etter
seg i eventyr og i fornaldarsaga-tradisjon. Umvendt
finn ein på keltisk grunn minningar um nordisk tradi
sjon, som vikingar og handelsmenn må ha havt med
seg heimanfrå. Sameleis kan ein både i millomalderleg
norrøn sagatradisjon og i folkeminni frå seinare tider
firma både austerlendsk og tysk påverknad, og folkevisa
ber bod um samkvæme både mot vest og sud. Når det
gjeld folkeminni hev Noreg lege meir centralt enn ein
kunde tru etter det geografiske lægjet som landet hev.
Endå so mykje av det norske folkeminnetilfanget ligg
uprenta, er likevel hovudmengdi lett tilgjengeleg for
granskaren. I Norsk Folkeminnesamling hev me ein
statsinstitusjon som hev til fyremål å samla og ordna
alt det som finst av norske folkeminne. Norsk Folke
minnesamling stend so atter i samband med det inter
nasjonale laget Folklore Fellows (FF), som m. a. hev til
fyremål å letta den jamførande granskingi av folke
minne med å skaffe granskarane tilgjenge til uprenta
materiale verdi ikring gjenom avskrifter eller utdrag.
Ogso utgjevingi av norske folkeminne hev sin organisa
sjon, Norsk Folkeminnelag, som med statshjelp hev
gjeve ut ei rekkje skrifter. Gjenom slike samskipnader
hev vilkåri for den vitskaplege granskingi her heime
vorte munaleg lettare, og dei norske folkeminni karm
betre enn fyrr få det romet dei bør ha i den interna
sjonale vitskapen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:59:46 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/instkult/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free