- Project Runeberg -  Instituttet for sammenlignende kulturforskning : beretning om dets virksomhet inntil sommeren 1931 /
120

(1931) [MARC] Author: Fredrik Stang
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Bondesamfundets utviklingsformer

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bondesamfundets utviklingsformer
120
kva kant det vilde vera rettast å taka til på, korleis
arbeidsmåten helst burde vera i detaljane, kva ein fyrst
og fremst hadde bruk for å samla upplysningar um, og
kva ein likso godt kunde spara.
Men no er arbeidet ikkje so heilt nytt lenger. Det
hev vore drive i eit par år, og dei som hev vore med på
det, hev gjort sume røynslor. Det skulde etter kvart
vera von um å kunna draga planen noko fastare og klå
rare upp.
Når eg segjer dette, tenkjer og fyrst og fremst på
innsamlingi og granskingi av norsk tilfang. Korleis eg
tenkjer meg at arbeidet etter kvart karm verta lagt yver
på eit breidare grunnlag, kjem eg attende til sidan.
Til å byrja med hev Instituttet sett i gang innsam
ling i einskilde distrikt som Numedal, Voss, Telemark og
sume andre. Men det hev vore tanken at det sidan
skulde organiserast eit innsamlingsarbeid i større stil yver
heile landet med hjelp frå folk ute i bygdene.
Eg trur at denne framgangsmåten er rett. Me hev
tvillaust bruk for å vita korleis sæterbruket i seinare tid
hev vore utforma i hovudsaki alle stader i landet der
det vert drive. Endå den eldre litteraturen um emnet
er fatig, og endå våre eigne etterrøkjingar ikkje er komne
serleg langt, er det millom anna klårt at me hev rett til
å tala um ulike typar i sæterbruket. Det vil vera lettare
å firma dei beste utgangspunkti for meir detaljera etter
røkjingar når me fær ei klår meining um dei ymse hovud
typane og ei yversyn yver kva bygder kvar einskild type
er sermerkt for.
Likevel trur eg ikkje at tidi enno er komi til å setja
i gang det store innsamlingsarbeidet. Av ymse grunnar
vil det vera praktisk at det tilfanget me no hev, vert
gjenomarbeidt fyrst, og at det vert lagt fram eit par
spesialutgreidingar — prøvearbeid karm eg gjerne kalla
dei. Sjølve studiet, som lyt taka sikte på å klårleggja
heile framvoksteren i einskilde strok frå fyrrtid til notid,
vil hjelpa oss til å få fastare tak på dei problem av meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:59:46 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/instkult/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free