- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
5

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

lange norske „grunnlov-strid“. Liksom stortinge
— den gongen embættsmagti — gjerne vilde havt
meir magt imot bonden, soleis vilde Karl Johan
hava meir magt imot stortinge. Og her hadde han
Sverike med seg. Embættsmagti i Norig laut daa
halde fred med bonden anten ho vilde eller ei; og
bondeparagrafane fekk staa til so lengi. Sidan kom
’’Ole Gabriel Ueland’’. Med slik ein førar var
bonden berga; de vart ikkje tale um bondeparagrafane
meir.

II.



Um lag 1830 kom de eit norskt straumdrag
upp i vaart boklege liv, som til daa hadde vori
reint danskt; Henrik Wergeland er her de gjævaste
namne. Han var og den som fyrst arbeidde for
eit norskare bokmaal. Han skreiv jamvel visur
paa bygdemaal; og i eit stykke um „norsk
sprogreformation“ (1835) heldt han sterkt fram, at me
skulde norske paa skriftmaale med ord fraa
folkemaale. Ein annan namngjetin norskdansk, ’’P. A.
Munch’’, var og inne paa tanken, alt i 1832. Men
ingin visste kva me her kunde hava aa gjera med.

Folk brydde seg ikkje um slike ville tankar
heller. Norskt maal? Var de ikkje norskt nok de
me hadde? Sagde ikkje sjølve grunnlovi at de
var norskt? Og den som minst vilde vita av noko
nytt maal var bonden. Dansken var for honom
den „heilage skrift“. Vaarherre hadde tala danskt
paa Sinai, og me skulde alle kveda danskt i Himerike.

Likevel vart de ein bonde som til sist skulde
segja de fyrste klaare orde i saki: Ivar Aasen.
Han hadde granska folkemaali. Og han sagde at
me hadde emne til eit norskt bokmaal. Freista
me aa taka i bruk og arbeide upp de maale som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free